Unge stemmer for «Gubbekroken»
Ein kommunal planperiode er lengre enn ein ungdomsgenerasjon. Når unge stemmer fram i samfunnsutviklinga? I vår tid er det behov for meir enn god planlegging. Me treng samfunnsutviklarar med improvisasjonsevne.
Av Tove Lofthus
I arbeidet med Kulturkraft er eit av måla å hente lærdom frå kommunar og lokalsamfunn om korleis fylkeskommunen kan bidra til å styrka, utvikla og synleggjera den gode grenda, slik dei som bur der ser det. Vår fyrste læringsreise gjekk til kommuneadministrasjonen i Holtålen, og til Ivrig 4H i Haltdalen som har omlag 20 medlemar i alderen 10-18 år.
Ungdommar med heilskapsblikk for alle generasjonar
Me besøkjer Ivrig 4H, fyrst på eit klubbmøte og seinare i ein eigen prat med styret. Med utgangspunkt i metodikken «Du og bygda di» stiller me dei unge spørsmål rundt kva dei likar med heimplassen sin, og kva dei eventuelt ønskjer seg anleis. Med statsministerhatten på snakkar 4H-erane varmt om fleire leiker ute og inne til barna i barnehagen, skulefrukt, badeplass med hoppemuligheit, betre busstider for dei som går på vidaregåande eller får sommarjobb, og altså «Gubbekroken». Det er viktig for 4H-erane at dei eldre har det bra i bygda, forstår me. Ein av 4H-erane meiner det kunne ha vore arrangert bingo i Gubbekroken for dei eldste. Me møter 4H-erane på nytt ei tid seinare. Denne gongen får me vite at nærbutikken skal byggjast om: «Ja, så nå tek dei vel Gubbekroken frå oss også», sukkar ein av unggutane. Me forstår at Gubbekroken er på butikken og at også dei unge brukar den.
Fakta
Holtålen kommune ligg i Trøndelag fylke og her bur det nær 2000 innbyggjarar.
Synleggjere, sikre og forsterke den gode staden
Ein gong i året reiser Ivrig 4H på bytur. Det blir naturlig å invitere dei på gjenvisitt til Fylkets hus, dit dei seinare kjem i lag med kulturadministrasjonen og ordføraren sin.
Kva er ein fylkeskommune? Korleis ser den ut? Kven jobbar der og kva gjer dei på? – Som svar på det siste skal me arbeide litt med samfunnsutvikling i praksis, ut frå sjølvvalde tema. I planlegginga av besøket undrar eg med eitt på om dei unge stemmene har blitt høyrt i butikkutbyggingssaka? Eg ringer ein hyggelig og imøtekommande ansvarleg hjå Coop Oppdal som er utbyggar i Haltdalen. Entreprenørane skal snart begynne å rive. Det er strenge kjedekrav til korleis nybutikken skal sjå ut, får eg vite. Nå skal det bli to-tre kaffibord kor det går an å sette seg ned å prate, ein plass som skal erstatte Gubbekroken. Coop har hatt opne medlemsmøter kor alle lokale kunder har fått uttala seg om utbygginga. Medlemsdemokrati, men ungdom går ikkje på medlemsmøtene i Coop. Utbyggar er positiv til tanken om å innvolvere ungdom meir. Det er sikkert den lokale butikkdrivaren også, men: Kven kan invitere til eit møte?
Under besøket på Fylkets hus dukkar Gubbekroken opp igjen. Dei unge fortel at dei får lov til å opphalde seg inne på butikken i Haltdalen, noko ungdommen i nabobygda misuner dei. Ingen tvil om at både butikken og Gubbekroken opplevest som deira! – Ja, som alle i bygda sin. Dei unge gjer lekser her etter skuletid. På vinteren er dette den einaste plassen ute kor du kan møte venner inne, seier ei av dei eldste 4H-erane. Mange av dei vaksne i bygda tek ein felles morgonkaffi i Gubbekroken før dei dreg på arbeid. Og, dei eldre, som ungdommane har fortalt oss om, dei høyres også ut til å bruke kroken. Me diskuterer forsterking med 4H-erane: Vaffelsteiking! «Ja, og me har nå skapene fulle av brettspel eg kan ta med ned dit», seier ein av dei. Ein absolutt god tanke med møteplassforsterkande styrke frå ein tiåring.
Tilfeldigheitene vil at eg skal køyre forbi Haltdalen same ettermiddag. Bygdesosiologen i meg er vekt. Det må heilt klart bli eit stopp på «Coopen», sjølvsagt er eg no opp til over øyrene forviten på korleis Gubbekroken ser ut. – Med eitt, frå inngangsdøra, ser og forstår eg alt det mellommenneskeleg vakre ved denne staden. Eg kjenner dugnad og samhald. Eg høyrer ekko av slarv og latter, taus kaffiglede og felles iver. Her er eit avtrykk av identitet du sjølv som forbipasserande gjest kan kjenne tydeleg tvert du trer inn butikkdøra. – Kva er ein møteplass? I ein tale høyrde eg ordførar Arve Hitterdal sei det slik: «Møteplasser forsterkes gjennom minnet om da vi var der, og vokser gjennom drømmen om neste besøk». Berre med eit kort blikk på ein folketom Gubbekrok er dette innlysande lett å forstå. Kan me sikre at all denne rikdommen ikkje forsvinn?
«Ja, og me har nå skapene fulle av brettspel eg kan ta med ned dit», seier ein av gutane.
Ein absolutt god tanke med møteplassforsterkande styrke frå ein tiåring.
Lytt til dei mellomromsunge
Eg har til gode å sjå den nye kaffikroken på den nye nærbutikken i Haltdalen. Den vil eg tru har mange av dei same funksjonanen som den gamle. Mellom særeigenheit og standard ligg eit mulig tap av identitet og eigarskap, men det er ikkje kva denne artikkelen fyrst og fremst handlar om.
I Norge er me i all offentleg forvaltning vant med å lage planar. Det paradoksale er at ein planperiode på fire år er lengre enn det me i kulturfaglig arbeid reknar som ein ungdomsgenerasjon. Dersom me legg på tida det tek å utarbeide ein plan med ein grundig prosess, så er me nesten oppe i to ungdomsgenerasjonar. Framtidstrua blir bygd før barn og unge flyttar ut. Trua på at her blir me lytta til, her er det muligheiter og her går det an å få til noko, kan tidleg forme ei haldning til at her vil eg bli, flytte tilbake til eller anbefale andre å bu.
Mellomromsung er eit ord me har reflektert over etter å ha møtt ungdommane i Haltdalen over tid. Dei som enno ikkje har begynt på ungdomsskulen i nabobygda eller pendlar til vidaregåande. Dei er både fysisk og mentalt i heimbygda si, truleg på ein annan måten enn dei som mentalt er på veg ut eller alt sit på pendlarbussen. Me har lytta til engasjementet til dei som er ti-tolv år gamle og alle dei kloke og konstruktive innspela dei har å komme med. Me har spurt oss: Lyttar me nok til dei mellomromsunge, og kva fora har dei å ytre sine innspel i?
Mange kommunar i distrikta er bekymra for befolkningsutviklinga, og dei deler den med Demografiutvalet sin NOU2020:15 som ser på konsekvensane av demografiutfordringane i distrikta. Det statlege Distriktssenteret er sekretariat for eit eige Merkur-program for nærbutikken sin rolle i lokalsamfunnet. Fylkeskommunen har «møteplasser» som viktige mål for mange prosjekt, program og satsingar både innafor fagområda plan, kultur og folkehelse som kommunehjelpar og regional utviklar. – Men, er det del av rolla til alle desse å vere med «å fange momentum»? Er me i stand til å nyttiggjere oss det me høyrer og ser som skjer her og nå, eller er me «innelåst» i planar og førehandsdefinerte prosjekt? Gubbekroken har fått meg til å innsjå at me også treng improvisasjonsevne i offentleg sektor.
Anbefaling: HØR EPISODEN OM HOLTÅLEN
FYLKESPODDEN