Kven er kunsten for?

Havsymbol er felt inn glastaket ved inngangsdøra på Åfjord Helsetun. Ei utsmykking skal opnast og feirast. I stolrekkene begynnar det å komme folk og fleire er på veg ut frå rom og daglegstove.

Av Tove Lofthus

Musikar Kim Aksnes og dansar Anna Thu Schmidt og sangere fra Fosenklang. (Foto: Kirsten Bertelsen)

Kunst utfordrar

Foajeen er omskapt til forsamlingshus, ein kultursal med publikumsområde og eit ope golv der få veit kva som skal skje. Høgtid er blanda med uformelt daglegliv for dei som bur her, jobbar her og gjestane deira.

Her er snakk, og ordlause språk. Nikk, blikk, folk stoppar opp, beveger seg sakte, gjer i det stille avklarande spørsmål; vere med, ikkje vere med? Er det jobbrelatert, eller tek nokre av dei arbeidande ei kort mobiltelefonflukt midt i alt det ukjende? Ei handfull tilsette set seg inn i salen, andre tek ein; ”kan sjå litt her frå dørkarmen” konklusjon. Eit klokkevarsel frå ein sengepost, litt til og frå omsorg, daglegliv – men noko litt uvanleg kan me merke skal snart skje.

Eg kallar han Sigve. Han er oppstemt! Over golvet kjem han i olabukse med selar, skjorte og aktivt subbande tøflar.
– ”Eg veit ikkje kvar vi skal plassere Sigve, skal han sitte bak i dag tru?”, spør ein litt usikker hjelpar. Sigve ber tydeleg mykje med seg. Bevegelse, snakk, mumling – uro som ei slags konstant fiklande rørsle. ”Han kan sitte kvar han vil, her er alle velkomne”, seier kultursjefen. I dag hamnar Sigve på fyrste rad, rett framom meg.

Fakta

23. april 2022 var det offisiell åpning av Amalie Vestergaard Olsen sitt verk «Dagens lys» ved Åfjord Helsesenter. Kunstprosjektet vart til med støtte av KORO, Sparebankstifelsen SMN og Bygda 2.0

Ordlaus meining

Den unge danske kunstnaren, som har laga utsmykkinga, held opningstalen sin. Ho presenterer verket, prosessen og forklarer meininga ho har lagt i det. Det druknar i Sigve sitt oversnakk. Han snakkar til ho, og for seg sjølv. Han kommenterer uklårt og stadig høgare. Peikande hender, hovudet virrande. Ingen sit med han eller hjå han. Eg oppfattar det som at han ber på den uroa som ikkje vil stagge eller kan staggast. Kunstnaren sin plass vert mindre og mindre. Men, det er sol gjennom glastaket og havet sine symbol. Kunsten ho har sett inn i skråen der oppe fortel kanhende mykje av det ho sikker seier?
Dansk snakk sklir over i trompettonar. Frå kjellaren, opp ei trapp og ut på denne dagen sitt improviserte scenegolv kjem musikaren.

Ei stund etter, frå ei opa dør, entrar dansaren det same golvet. Ho har ein blåtona bølgande bøyle kring livet. ”Det er vatn!”, slår Sigve fast utan tvil i røysta. Brått er han konsentrert i heile kroppen med hovudet stødig styrande etter dansaren si flytande mjuke rørsle på golvet. Eg ser ikkje blikket hans, men sjølv bak han forstå eg det interesserte i både blikk og ansikt. Til tider ligg bøylen kring dansaren, andre gonger; i handa, på golvet – ho dansar med den, i den, rundt den.

I nabobrommet bak oss fører korridoren til ei heisdør. I det fjerne høyres to personar snakkande på veg mot heisen. Heilkonsentrerte Sigve snur seg brått og alvorleg mot pratelyden, og seier i frå med eit enkelt, tydeleg og irettesettande: ”Hysj!” Så glir han tilbake til rett veg på stolen, på ny djupt konsentrert framfor dansar og trompetist.

Minnestrenger

Eit kvinnekor avløyser dans og messing. Dei ber oss inn i sjømannssongar og viser om havet. Lengst bak i tilhøyrarkroken blir eg var ein ekstra korist, ei godt vaksen fastbuande dame. Ho kan ei av visene utanåt; teksten, melodien og korarrangementet. Klappande snur ho seg etterpå til sidemannen med eit høgt begeistra: ”Det var fin song!” Mjukt sklir dansaren ut. Trompetist og kor, og alle oss andre fyljer etter. Sigve vil ut, sjølv utan jakke. Med gåstolen søkjer han sola for eiga maskin. I små glas med stett blir det heva baileys til smilande skål på tunet. Her er stille glede med høgtid. Og vårsola leikar med varmt lys kring det skuggekalde. På ei lita høgde blir eit flagg verdig heisa av to kokkar i uniform.

Stille sanning

Dette unike kan aldri kopierast. Utan ord er det som me alle med eitt einast om at me har opplevd noko i lag som berre skjedde nå, i dag, her, denne eine gongen. Berre dagens vesle flokk har det i sitt minne.

Det kjennest som å ha vore på ei lang reise fram til stilla i seg sjølv. Sakte løyser flokken opp, sakte blir Sigve glad og roleg med inn for å ta på seg ei jakke.

Kva er kunst? Kven har rett til å få oppleve den? – Rett til å bere den med seg vidare, inn i høgtid og kvardag?

Anbefaling: HØR EPISODEN OM ÅFJORD

FYLKESPODDEN