Kunstens grunnleggande spørsmål til verda
«Kva skjer viss..» er kunstens grunnleggande spørsmål til verda. Samfunnet treng personar som alltid spør «kva skjer viss…». Difor treng samfunnet kunstnarar. Og overalt trengs det folk som verdsetter og etterspør den kunstneriske kompetansen, som våger å invitere dei som alltid spør «kva skjer viss…», inn i alle viktige samfunnsmessige prosessar.
Av Robert Øfsti
Vi bynner i eit tårnværelse i eit slott ikkje så langt fra Bordeaux. I det tårnværelset der Michel de Montaigne 38 år gammal trekte seg tilbake ein gang på slutten av 1500-talet etter at han var lei av å vere byråkrat i Bordeaux. Han trekte seg tilbake til tårnværelset på slottet sitt for å tenke og skrive. Eller meir presist: For å tenke gjennom skriving. Der skapte han ein ny sjanger – essayet. Den resonnerande teksten som bynner med ein tanke, men der tanken utviklar seg og prøver seg fram, ord for ord, nærast. Prøvande – essay betyr jo direkte oversatt – forsøk.
Kunstverk er aldri meir, og ikkje mindre heller, enn eit forsøk. For ein kan aldri lære å produsere kunst. Ikkje sånn som ein kan lære å løyse andregradslikningar, fransk grammatikk eller å sykle.
Kva vil det seie å kunne i kunsten?
Kunstnarar kan mykje. Men kva vil det seie – i kunsten – å kunne? Å «kunne» er å kunne spørre: «Kva skjer viss….» Kunstnaren si kunnigheit let seg ikkje oppsummere som et sett av formlar eller reglar som ho kan bruke i sine kunstneriske prosessar. Men likevel er det muleg å finne eit slags brennpunkt der all erfaring samlar seg. Når du kjem dit at du til ei kvar tid i ein kvar prosess (bevisst eller ubevisst) stiller spørsmålet: «kva skjer viss…» til deg sjølve og til arbeidet ditt, da kjenner du det grunnleggande i den kunstneriske prosessen. Eg trur dette er det fundamentale spørsmålet kunstnaren stiller til verda, og den grunnleggande drivkrafta i det kunstneriske arbeidet: «Kva skjer viss du tar livsløgna fra eit gjennomsnittsmenneske, viss eg maler himmelen gul og havet på tvers – kva skjer viss eg limar sølvpapir inn i collagen min?» Og læraren i visuell kunst spør: «Kva skjer viss eg gir elevane ei tusjpenn og ark som ikkje er større enn eit halvt kontantkort?»
Fakta
Robert Øfsti er førskolelærar, formingslærar og kunsthistorikar. Han har m.a. arbeidd som høgskolelektor i forming, programsekretær i NRK, dagleg ledar Nils Aas Kunstverksted, universitetslektor i formgjevingsfag, kommuneantikvar i Steinkjer og er no pensjonist
Når kunst rører oss, betyr det at verdiane våre er i bevegelse. Kunsten inviterer oss til å prøve nye synsmåtar heller enn å lukke oss omkring gamle standpunkt.
Et levande demokrati treng kunstnarar
«Kva skjer viss..» er kunstens grunnleggande spørsmål til verda. Samfunnet treng personar som alltid spør «kva skjer viss…». Difor treng samfunnet kunstnarane. De fleste av oss har andre roller i samfunnet. Men overalt trengs det folk som ser verdien i og etterspør den kunstneriske kompetansen, dei som har bakgrunn for å invitere dei personane som ser verda fra kunstnaren sin ståstad, dei som alltid spør «kva skjer viss…», inn i alle viktige samfunnsmessige prosesser.
Kunsten er sannsynlegvis ein heilt nødvendig føresetnad for eit levande demokrati. Kunsten sett verdiar ut til åpen, offentleg diskusjon. Kunsten berører oss, rører oss, av og til opprører den oss, den får oss i bevegelse. Når kunst rører oss, betyr det at verdiane våre er i bevegelse. Kunsten inviterer oss til å prøve nye synsmåtar heller enn å lukke oss omkring gamle standpunkt. Derfor er kunsten sannsynligvis ein føresetnad for eit levande demokrati.